Ønskjer du ein hustomt i Austevoll som er sjønær, vestvendt og har sol fra morgon til kveld?







Vi held prisane for 2025 intill vidare!




Tomtar

Tinga og ledige tomter

På biletet ser du dei tomtane som framleis er ledige. Nokre er alt reserverte (intensjon), men det er enno mogleg å sikre seg nokre av dei aller finaste tomtane i feltet – tomter som sjeldan kjem for sal i Austevoll.

Unik prisfordel – no har tomtane aldri vore billegare
Vi har fryst prisane frå april 2025, og desse prisane gjeld intill vidare. Dette trass i at kostnadene for infrastruktur har auka kraftig i same periode.

Du får altså tomta til den beste prisen som nokon gong har vore lagt ut.
Dersom vi ikkje kjem i gang med utbygging i 2026, vil prisane måtte justerast opp i takt med kostnadsveksten. No er difor eit svært gunstig tidspunkt å slå til.



Kjøpar står for planering, men blir du med i oppstartsfasen, kan planering gjerast samtidig som veien vert bygd – til ein rabbattert pris for nokre av dei mest aktuelle tomtene.

Vil du sjå området? Ta kontakt!

Vi viser deg gjerne rundt, svarar på spørsmål om prosessen og finn ut kva tomt som passar best for dine planar.

Du finn òg meir informasjon i annonsen vår på Finn.no.


Tomter med utsyn, sol og nærleik til sjøen

Tomtefeltet ligg på tre naturlege høgdenivå, noko som gir kvar tomt:

  • Fantastisk utsyn
  • Sol heile dagen
  • Magiske solnedgangar når vêret spelar på lag
  • Ei ekte vestlandsk kjensle av natur, hav og element


Her får du både ro, nærleik til naturen og den gode austevolls­kjensla – kvar dag.


Kort veg til alt du treng

  • 1 km frå Hufthammar ferjekai
  • 2 km frå kommunesenteret på Storebø
    • lege
    • skule
    • butikkar
    • servicefunksjonar

Råtomter med klar infrastruktur – og moglegheit for rabattert planering

Tomtene vert selde som råtomter, men vert levert med:

  • Veg
  • Vatn
  • Avlaup
  • Fiber fram til tomtegrensa




Draumeplassen ventar på deg – sikre deg ei av Austevoll sine mest attraktive tomter!


Plankart

BFS 13-17. Eienbustader som gir mest nærheit til sjøen og får fin skjerming fra skrenten i aust. Vegen til desse unike tomtane er dyr å lage. Det er berre tomtar på ei side av vegen og det kjem ikkje fleire tomtar på rekkja. Dette er ekslusive tomtar med høg pris som det ikkje kjem tilsvarande av for sal i Austevoll i næraste framtid. 

Bilete teken nedst på tomta BFS 17.

Bilete teke på nedsida av BFS 16. Ein kjem heit ned til sjøen.

Bilete teke frå tomten BFS 14

BFS 8-11. Eienbustader som vert liggjande 10-12 meter over den nederste rekkja slik at utsynet blir flott samstundes som dei framleis har fin nærheit til Hundvåkosen. Her vert dei også noko utsyn austover.

BFS 5-7. Einebustader som ligg høgast i terenget og har best utsyn. Dei har i tillegg utsyn mot nord - nordaust og sør. Dette er litt større tomtar. 


Bilete teken på tomta BFS 5.

BKS 3-4. To tomtar for tomannsbustad. Mest aktuell for utbyggjar.

BKS 2. Tomt for ein firmannsbustad eller to tomannsbustader.

Utomhusplan

Utomhusplanen viser korleis det kan verta sjåande ut på nederste rekkje. Dette er berre eit eksempel og setter ingen føringar for utforminga slik det vert sjåande ut til slutt.

Utomhusplan 2
Utomhusplan 1
utomhusplan 4
Utomhusplan 3
Utomhusplan

Reguleringsplan

I dese dokumenta vil ein finna detaljer som rekkjefølgekrav, byggehøgder, kva tomtar som kan ha utleige einingar og mykje meir. 

Ta kontakt

Ynskjer du meir informasjon, omvisning eller sjå nærare på mogeligheiten for å kjøpe tomt? Du når oss på telefon, e-post eller send ein melding ved å fylle ut skjema under.

Bilete

Et utval foto fra tomteområdet. Skogen av sitkagran er i ferd med å hoggast. Enkelttre kan verta ståande igjen då dette kan være bra for bumiljøet. Bjørk som veks opp skal hoggast vekk i følge reguleringsplanens føresegner for området.

20230421_162303
20241014_123104
IMG_5456
20230602_143128
20231009_121357
20230818_211955
DJI_0367
20230818_212144
20230414_203857
DJI_0362
20230818_212138
20240927_124230
20240921_193145
20240325_121933
20250207_173252 nr 2
nr 2

Dykkar draum er vår prioritet


Mange fornøgde bebuarar vil kunne få oppfylt husdraumen hos oss. Å trygja eit  godt bumiljø med leikeområde, friområde/fellesområde, fortau osb. er det vi vil sørgje for. Kjøparar kan forme tomta/huset sitt slik dei draumar om, og dei kan sjølve velje leverandør og entreprenør/byggefirma.

Om oss

Hufthammar Panorama har vi namngitt tomteområdet og vi bruker dette namnet i markedsføringa.

Dette er passande sidan alle tomtene har god utsikt over Hundvåkosen. Her kan ein sjå frå Stolmen i sør til Sotra i nord.

Det er grunneigarane som sel tomtane og står for utbyggjing av infrastrukturen via familieselskapet Huftahammar Eigedom AS. Selskapet vart oppretta i 2017, samstundes som reguleringsplanarbeidet vart starta opp.

Tomteområdet var tidligare lyngheier som vart leplanta med sitkagran på 60 og 70 talet. Denne leplantinga fann stad langs heile den steinete lyngheia som vender mot sjøen. Sitkagran er ein fremmedart i Norsk fauna og har diverre øydelagt dei tidligare lyngheiene. Å fjerne fremmedartar er ønskjeleg og med skogen vekke, dukkar eit fantastisk godt egna område for bustader opp.

Det vil framleis være gardsdrift på jordene som tilstøyter tomteområdet. Dette er slåttemarker og husdyra beiter eit stykke unna. På slåttemarkene lever ein rekkje fuglearter som blant anna vipe. Ørn flyr av og til over området.

Det ferdast mange småbåter langs landet som fiskar etter hummer og krabbe. For det meste er det for bratt å ta seg ned til sjøkanten, men det er mogeleg å fanga seg ein fiskemiddag på stang om ein er litt ledig i "steget" ned til svaberga.

unsplash