Ønskjer du ein hustomt som er sjønær, vestvendt og har sol fra morgon til kveld?











Tomtar

På Hufthammar er det no vestvendte tomtar med flott utsikt over Hundvåkosen til sals! Reguleringsplanen for området vart godkjent av Austevoll kommune 15.06.23.

Tomteområdet ligg på 3 rekkjer med naturleg høgdeforskjell slik at kvar tomt har godt utsyn og sol heile dagen. Om kvelden vil alle bustadane få flotte solnedganger, dei dagane vestlandet byr på det. Med nærleik til sjøen vil ein få ei unik kjensle av å tillhøyre elementa dei dagane vestlandet byr på ruskevær. 

Tomteområdet har 12 tomtar for einebustader (har kode BFS i plankartet), 2 tomtar for tomannsbustader og 1 tomt for firmannsbustad (har kode BKS i plankartet).

Området ligg ca. 1 km frå Hufthammar fergekai (der det no er gratis ferje) og 2 km frå kommunesenteret på Storebø der det er lege, skule og butikkar.

Tomtane vert selde med ferdig infrastruktur. Det vil sei at dei vil vere planeringsklare med vei, vatn, avlaup og fiber til tomtegrensa. Pris er ikkje endeleg fastsatt og vil avhenge av endelege anbud frå entreprenører/leverandørar. Foreløpige anbud henta inn i oktober 2022 gjev ein antydning om prisnivå. Dette er skisert under Plankartet.


Ta kontakt  for å høyre meir om prisestimater, vidare prosess, mogeligheit for kjøp av tomt og for å få omvising på området. 

Plankart

BFS 13-17. Eienbustader som gir mest nærheit til sjøen og får fin skjerming fra skrenten i aust. Desse tomtane ser foreløpig ut til å få ein pris på litt over 2 millioner,  litt vareierande etter kvar dei ligg og storleik.

BFS 8-11. Eienbustader som vert liggjande 10-12 meter over den nederste rekkja slik at utsynet blir flott samstundes som dei framleis har fin nærheit til Hundvåkosen. Her vert dei også noko utsyn austover. Desse tomtane ser ut til å få ein pris på litt under 2 millioner. 

BFS 5-7. Einebustader som ligg høgast i terenget og har har best utsyn. Dei har i tillegg utsyn mot nord - nordaust og sør. Dette er litt større tomtar. BFS 7 vert den billigaste tomten medan BFS 5 og BFS 6 kan komme opp mot 2 millioner. 

BKS 3-4. To tomtar for tomannsbustad. Mest aktuell for utbyggjar. Desse tomtane ser ut til å få ein pris på mellom 2,2 og 3 mill. 

BKS 2. Tomt for ein firmannsbustad eller to tomannsbustader. Stor tomt med mange mogeligheiter. Estimert pris pris 3,5 mill. 

Utomhusplan

Utomhusplanen viser korleis det kan verta sjåande ut på nederste rekkje. Dette er berre eit eksempel og setter ingen føringar for utforminga slik det vert sjåande ut til slutt.

Utomhusplan 2
Utomhusplan 1
utomhusplan 4
Utomhusplan 3
Utomhusplan

Reguleringsplan

I dese dokumenta vil ein finna detaljer som rekkjefølgekrav, byggehøgder, kva tomtar som kan ha utleige einingar og mykje meir. 

Ta kontakt

Ynskjer du meir informasjon, omvisning eller sjå nærare på mogeligheiten for å kjøpe tomt? Du når oss på telefon, e-post eller send ein melding ved å fylle ut skjema under.

Bilete

Et utval foto fra tomteområdet. Skogen av sitkagran er i ferd med å hoggast. Enkelttre kan verta ståande igjen då dette kan være bra for bumiljøet. Bjørk som veks opp skal hoggast vekk i følge reguleringsplanens føresegner for området.

Dykkar draum er vår prioritet


Mange fornøgde bebuarar vil kunne få oppfylt husdraumen hos oss. Å trygja eit  godt bumiljø med leikeområde, friområde/fellesområde, fortau osb. er det vi vil sørgje for. Kjøparar kan forme tomta/huset sitt slik dei draumar om, og dei kan sjølve velje leverandør og entreprenør/byggefirma.

Om oss

Hufthammar Panorama har vi namngitt tomteområdet og vi bruker dette namnet i markedsføringa.

Dette er passande sidan alle tomtene har god utsikt over Hundvåkosen. Her kan ein sjå frå Stolmen i sør til Sotra i nord.

Det er grunneigarane som sel tomtane og står for utbyggjing av infrastrukturen via familieselskapet Huftahammar Eigedom AS. Selskapet vart oppretta i 2017, samstundes som reguleringsplanarbeidet vart starta opp.

Tomteområdet var tidligare lyngheier som vart leplanta med sitkagran på 60 og 70 talet. Denne leplantinga fann stad langs heile den steinete lyngheia som vender mot sjøen. Sitkagran er ein fremmedart i Norsk fauna og har diverre øydelagt dei tidligare lyngheiene. Å fjerne fremmedartar er ønskjeleg og med skogen vekke, dukkar eit fantastisk godt egna område for bustader opp.

Det vil framleis være gardsdrift på jordene som tilstøyter tomteområdet. Dette er slåttemarker og husdyra beiter eit stykke unna. På slåttemarkene lever ein rekkje fuglearter som blant anna vipe. Ørn flyr av og til over området.

Det ferdast mange småbåter langs landet som fiskar etter hummer og krabbe. For det meste er det for bratt å ta seg ned til sjøkanten, men det er mogeleg å fanga seg ein fiskemiddag på stang om ein er litt ledig i "steget" ned til svaberga.

unsplash